Nordre Innovasjonsforum er ein viktig aktør i arbeidet med utvikling av Haram kommune

Vil du vere med å påverke utviklinga?

Bli med
A blurred image of a sky with shades of pink, purple, and blue during twilight.

Eit ressurssenter for læring, stimulering til idéskaping og næringsutvikling i regionen

Snow-covered mountain in the background with a partly cloudy sky, trees along the shoreline, a lake in the foreground, and a small dock with a lamppost covered in snow.

Haramskonferansen 2026

  • Temaet «VEKSTKRAFT», viser til verdensbiletet og kapasiteten til å utvikle seg og kva dette betyr for ein liten, open økonomi som Norge. Kva skjer innan geopolitikk, sikkerheit og beredskap og korleis påverkar dette næringslivet vårt? Vi opplever knappheit på ressursar, kraftmangel og klimakrise. Vi treng arbeidskraft; både høgt utdanna og yrkesarbeidarar. Vi må jobbe for å motvirke utanforskap, rekruttere breidt og integrere godt. Korleis tek vi tak i dette frå lokalt hald? Vekstkraft og endringar kan også opne nye dører. Kva moglegheitsrom står næringslivet vårt overfor?

    Haramskonferansen blir arrangert for trettande gong, og er ein sentral møteplass på Sunnmøre for både næringsliv, utdanningssektor, og det offentlege. 

10. februar

Ingebrigt Davik huset
Brattvåg

Nordre Innovasjonsforum, i samarbeid med Haram kommune, NTNU og Ålesund kunnskapspark (ÅKP) er i gang med planlegging av neste års Haramskonferanse. Denne næringskonferansen har sidan 2012 vokse fram som ein sentral møteplass for arbeidslivet på Sunnmøre. Her treffast små og store bedrifter, utdanningssektor og det offentlege til ein fagleg inspirerande dag i Brattvåg med relasjonsbygging og spennande debattar.

Meld deg på

Kva vi skal oppnå

Nordre Innovasjonsforum skal gjennom strategiske samarbeid sørge for at det blir arbeid på ein god og systematisk måte med næringsutvikling på Nordre. Forumet ønsker å ta tak i saker som omhandlar gode rammevilkår for det lokale næringslivet, inkludert å sikre tilgang på nødvendig kompetanse og arbeidskraft. Utvikling av Haram vidaregåande skule blir blant anna ei viktig sak framover.

Starten

Nordre Innovasjonsforum vart etablert onsdag 11. juni 2025.
Foreininga skal arbeide for å fremje eit konkurransedyktig og allsidig næringsliv og attraktivt lokalsamfunn i Haram og tidlegare Sandøy kommune. Forumet skal vere eit ressurssenter for læring og stimulering til ideskaping og næringsutvikling i regionen og vere kjent for tett samarbeid med Haram kommune, utdanningsinstitusjonar og andre instansar og organisasjonar på lokalt og regionalt nivå.

Group of people sitting and standing around a large conference table in a modern office space, smiling at the camera.

Bilete: F.v. Arnt Inge Gjerde, Tommas Brugrand, Catrine Myklebust, Inger Synnøve Remme, Rune Longva, Juuni Vatne, Norun Sønderland Nustad, Håkon Sæterøy, Jan-Magnus Knudsen, Vebjørn Krogsæter, Arvid Sundli, Arild Eiken og Anne Seth